World News

Israel bomber mål i Damaskus

NRK.no 

Israel har gjennomført luftangrep mot mål i den syriske hovudstaden Damaskus, melder Reuters.

Ifølge lokale kjelder har dei blant anna bomba eit tryggingskompleks som er brukt til militær etterretning og eit forskingssenter som Israel tidlegare har hevda Iran brukte til å utvikle langtrekkande missil, melder nyheitsbyrået.

Fleire syriske militærbasar blei søndag ettermiddag bomba av israelske fly. Blant anna ein base i Suweida sør i Syria, som skal ha blitt bomba for å hindre at store lager med rakettar kom i hendene på opprørarar, skriv NTB.

Også våpenlager nær den militære Mazzeh-flyplassen i utkanten av Damaskus blei bomba av Israel, ifølge observatørgruppa SOHR.

Jerusalem Post skriv også at ein fabrikk for kjemiske våpen blei bomba for å hindre at opprørarane skulle få tak i desse våpena.

Читайте на 123ru.net