Norsun slått konkurs
Etter det Sogn Avis kjenner til, blir Norsun i Årdal slått konkurs i dag. Solcellefabrikken har siste åra slite økonomisk, og tilsette har blitt både oppsagde og permitterte.
På noverande tidspunkt arbeider det kring 70 tilsette ved fabrikken i Årdal. Dei tilsette skal ha fått beskjed i føremiddag, og selskapet har invitert til pressemøte på fabrikken i ettermiddag.
Årdal kommune har også invitert til pressekonferanse klokka 15 for å orientere om situasjonen på Norsun.
Styreleiar Erik Løkke-Øwre stadfestar til Bergens Tidende at avgjerda om å slå verksemda konkurs vart teken av styret i dag.
– Det er stor overkapasitet og vi greier ikkje matche deira prisar i det heile, seier han.