World News

Stavanger Aftenblad: Spesialist meiner Ivan (3) fekk for mykje narkose før han døydde på SUS

NRK.no 

Ein spesialist i anestesi meiner det skjedde fleire avvik før Ivan Riad Hasan Belal (3) døydde på Stavanger universitetssjukehus (SUS) i april, skriv Stavanger Aftenblad.

Guten døydde i samband med at han fekk narkose under ei tannbehandling. Kort etter opna Statsforvaltaren i Rogaland tilsyn. Også politiet etterforskar saka.

Aftenbladet har fått tilgang til rapportar frå ein ekspert innan barnekardiologi (hjarte) og ein innan anestesiologi (mellom anna narkose).

Den siste meiner det skjedde seks avvik han meiner kan knytast til dødsfallet. Eit av dei er for høg dose anestesigass i for lang tid.

Den første meiner på si side at guten sitt hjarte blei undersøkt godt nok før narkosen.

Foreldra sin advokat, Anne Kroken, seier til avisa at det er godt for foreldra å få svar på kva som gjekk gale. SUS vil ikkje meine noko om rapportane frå spesialistane før statsforvaltaren har avslutta tilsynet og politiet er ferdig med saka. Det skjer ikkje før neste år.

Читайте на 123ru.net