World News

18-åring truleg utsett for valdeleg ran i Fyllingsdalen

NRK.no 

Politiet fekk like før klokka 20 melding om at fire personar slåst på Ortuflaten i Fyllingsdalen i Bergen.

Ein 18-åring fekk skader i hovudet som blødde ein del, og det verkar som han har vore utsett for grov vald, ifølge Vest politidistrikt.

Han vart fråteken ein mobiltelefon, og politiet meiner hendinga framstår som eit ran.

Politiet opplyser at 18-åringen er lagt inn på Haukeland universitetssjukehus.

To menn eller gutar – truleg rundt 18 år – vart observert springande frå staden. Politiet søker etter dei, men hadde i 21-tida ikkje pågrepe nokon.

Читайте на 123ru.net