Skatteetaten saksøker Idar Vollvik
Bergensbaserte Idar Vollvik skuldar staten 2,3 millionar kroner, meiner Skatteetaten. 3. desember saksøkte dei forretningsmannen i samband med «skatteinnkreving», går det fram av grunnboksutskrifta for eigedomen hans. E24 omtala saka først.
I sommar skulle huset hans i Fana i Bergen ut på tvangssal. Han bur framleis der, og no har Skatteetaten «tatt utlegg» i huset, ifølgje nettavisa. Det betyr at dei sikrar verdien i huset.
Vollvik sjølv har så langt ikkje svara på førespurnadar frå pressa, heller ikkje frå NRK.
Han vart i fjor dømt for å feilmerke og pakke om munnbind.