Høgsterett avviser ankane i grov overgrepssak
I februar vart ein far, mor, storebror og nabo dømd til lange fengselsstraffer i Gulating lagmannsrett for grove overgrep av til saman tre born. Alle dei fire anka til Høgsterett, som no har avvist ankane.
Det var TV2 som først omtalde avgjersla frå Høgsterett.
Dermed blir dommen frå Gulating lagmannsrett ståande.
Saka har vore omtalt i tidlegare dommar som ei av dei grovaste overgrepssakene i Noreg.