World News

To sikta for grov kvitvasking i telefonsalsfirma

NRK.no 

To personar er sikta for kvitvasking i eit telefonsalsfirma, melder VG.
Firmaet skal ha motteke over 100 millionar kroner frå fleire land.
– Eg kan stadfeste at Økokrim i dag har pågripe to personar. Dei er sikta for grov kvitvasking av fleire titals millionar kroner, seier politiadvokat Åsne Hana Torgersen i Økokrim til VG.
Dei to sikta har overfor VG vore tydelege på at dei meiner det ikkje har føregått kvitvasking i firmaet.

– Eg kan stadfeste at eg bistår den pågripne mannen. Eg har førebels berre hatt ein kort samtale med klienten min. Han stiller seg uforståande til siktinga. Han har opplyst til meg at han vil samarbeide med politiet og la seg avhøyre i løpet av dagen. Etter avhøyret vil eg kunne kommentere saka nærare, seier advokat Thomas Skjelbred i Elden Advokatfirma til NRK.

Читайте на сайте