World News

Terrengbrann i Modalen – rekvirerer helikopter

NRK.no 

– Ein turgåar har meld at det brenn i nærleiken av dagsturhytta i Kvanndalen i Modalen, seier vaktleiar Jostein Steinsland Hauge ved 110 Vest.

Brannvesenet er framme på staden.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier brannen har nærma seg Nygårdsstølane, men at dei meiner å ha kontroll på situasjonen.

– Vi driv no med å rekvirere helikopter. Brannen klatrar vidare opp i høgda, og det er bratt og vanskeleg å kome til, seier Romarheim.

Det er uvisst når helikopteret kjem til staden.

Brannen beveger seg i retning dagsturhytta, men førebels er det berre ein utedo som er truga av brannen. Det er noko vind i området, opplyser Hauge.

Per klokka 18.30 er dei siste opplysningane frå staden at det brenn i eit område på 150 ganger 200 meter.

Читайте на сайте