World News

For sterk vind for brannhelikopter

NRK.no 

Vinden på Bømlo er no for kraftig til at brannhelikopteret kan drive sløkkearbeid.

Fram til midnatt vil det blåse frå sterk kuling til liten storm.

– Det er per no ingen opne flammar, men det bles mykje så det er mykje folk ute i terrenget, seier vaktleiar Vivian Haugland ved 110 Sør Vest.

Tre traktorar går no skytteltrafikk og dynker området mellom brannen og busetnad med vatn.

– Førebels er det god kontroll og oversikt på brannen, men det er allereie bestemt at det skal vere folk i området til i alle fall torsdag morgon, seier ho.

Skogbrannen som i går kveld kom under kontroll, blussa opp att med fleire mindre brannar onsdag morgon.

Til no har det brunne på kring 100 mål. I 15.30-tida i ettermiddag blir det vurdert om dei 13 evakuerte får flytte heim.

Читайте на сайте