Iron Maiden ber folk leggja mobilen vekk
Dei britiske metal-legendene Iron Maiden skal spela i Trondheim og Stavanger i juni. No ber dei fansen leggje mobilen vekk under konsertane.
Manager Ron Smallwood skriv i eit innlegg at fansen bør respektera bandet ved å følgja med på det som skjer på scena, og ikkje via små mobilskjermar.
Han seier alle mobiltelefonane har blitt distraherande både for bandet og for andre konsertgjengarar.
Tidlegare har frontfigur Tobias Forge i Ghost også uttalt seg om sitt hat mot mobiltelefonar under konsertar.