World News

Grasbrann på Hjellestad sløkt

NRK.no 

Brannvesenet er på plass med fleire bilar ved ein brann i gras og kratt på Hjellestad i Bergen.

– Vi har starta å dynke terrenget i området, og sløkkinga har god effekt, seier Stian Kvam i 110 Vest.

Brannvesenet melder klokka 15:49 at brannen er under kontroll. Dei blir på staden og dynkar utover dagen, legg dei til.

Klokka 16:03 melder politiet at brannen er sløkt.

Det var ein periode mykje røyk i området, og politiet starta evakuering i samråd med brannvesenet.

To personar har fått i seg røyk og blir sett til av helsepersonell på staden.

Politiet melder at dei har kontroll på nokre ungdommar som innrømmer å ha leika med fyrstikker på staden. Dei snakkar med foreldra deira og avsluttar på staden.

Читайте на сайте