Sør-Afrikas UD: Avviser grunnlause skuldingar frå Trump
– Det skjer inga landskonfiskasjon, skriv Sør-Afrikas utanriksdepartement på X, etter møtet i Det kvite hus der USAs president Donald Trump kom med fleire grunnlause skuldingar mot landet.
Det melder Reuters.
Trump hevda at kvite sørafrikanske bønder blir utsette for eit «folkemord», og at dei blir fråteken jorda deira.
Myndigheitene i Sør-Afrika har fleire gonger avvist slike skuldingar som grunnlause og understreka at landreforma i landet skjer innanfor ramma av grunnlova og med mål om rettferdig fordeling etter arven frå apartheid.
Kvite sørafrikanarar, er òg kjende som afrikandarar og stammer frå europeiske innvandrar, hovudsakeleg frå Nederland.