Storbritannia og Mauritius inngår avtale om Chagosøyane
Den britiske statsministeren Keir Starmer opplyste i dag at han har signert ein avtale med Mauritius om Chagosøyane, ifølgje Reuters.
– Eg signerte avtalen for berre nokre minutt sidan. Den strategiske plasseringa til Diego Garcia er av største betydning for Storbritannia, sa Starmer.
Navin Ramgoolam, statsministeren til Mauritius seier landet no fullfører prosessen til avkolonisering.
Chagosøyane ligg i Indiahavet og har vore under britisk kontroll sidan 1960-talet. Storbritannia skilde øygruppa frå Mauritius før landet fekk sjølvstende.
Innbyggjarane blei tvangsflytta, og USA fekk byggje ein stor militærbase på hovudøya Diego Garcia. Mauritius har i mange år kravd øyane tilbake.