World News

Over 200 døde etter flaum i Nigeria

NRK.no 

Talet på døde etter flaumen i Nigeria i førre veke har passert 200, melder AFP.

Hundrevis er framleis sakna og frykta døde, seier kommissær for humanitære saker i delstaten Niger, Ahmad Suleiman, til kringkastaren Channels Television.

– Ingen veit kor mange døde det er i Niger-staten. Vi leiter framleis etter døde, seier han.

Tusenvis av menneske har måtte forlate heimane sine på grunn av dei store vassmassane.

Regntida har nettopp starta i Nigeria.

I fjor døydde over 1200 menneske i det som blir rekna som ein av dei verste flaumane i landet på fleire tiår.

Читайте на сайте