Gasslekkasje og evakuering på Mongstad etter straumbrot
Eit større straumbrot i Alver kommune torsdag ettermiddag fekk konsekvensar for Equinor sitt oljeraffineri på Mongstad.
– Som følgje av straumutfallet, som var kortvarig, starta me nedkøyring av anlegget. Samstundes fjerna me ikkje-kritisk personell, opplyser pressekontakt Maiken Ree i Equinor til NRK.
Ho kallar dette normalprosedyre i samband med straumbrot, og fortel at det ikkje er noko dramatikk bak nedkøyringa.
Klokka 13.18 vart det også meldt om ein mindre gasslekkasje på Mongstad.
Ifølgje Ree i Equinor oppstod lekkasjen i samband med straumbrotet.
– Me har kontroll på gasslekkasjen, og har fått straumen tilbake, seier ho til NRK rundt klokka 14.25.
Tilsette som vart evakuert frå anlegget vil no etter kvart få komma tilbake på jobb.
– Det er litt uvisst kva tid me kan ha produksjonen oppe igjen som normalt, seier Ree.