World News

Røykutvikling i bygard i Bergen sentrum – seks personar evakuerte

NRK.no 

Det vart klokka 18.20 meld om røykutvikling frå ei kjellarbod i ein bygard på Nygårdshøyden i Bergen.

Tore Fanebust i 110 Vest seier delar av bygget er evakuert. Det bur seks personar der.

– Det var ein innringar som kontakta oss. Brannalarmen gjekk, og vedkommande såg ein del røyk i kjellaren og at det lukta brent.

Brannvesenet er framme på staden og røykdykkarar har gått inn i bygget.

Klokka 18.46 melder brannvesenet at brannen er sløkt. Brannvesenet jobbar no med utlufting i bygget.

Ifølge politiet er det ikkje personskadar.

Читайте на сайте