Ingen sikta etter Lærdals-brannen
Mange personar har blitt avhøyrde etter brannen i Lærdal i går, der to eldre trebygg blei brannskadde.
– Ingen er sikta saka, seier politiadvokat Per Øyvind Valland.
Han seier til NRK at det blei gjort mykje godt arbeid på plassen i går.
Krimteknikarar skal undersøke åstaden, men dei kan ikkje gå inn der før brannvesenet er ferdige med sitt.
Det er ikkje gjort åstadundersøkingar enno.
– Krimteknikarane må sjølv vurdere når det er forsvarleg å gå i gang med sine undersøkingar. Men akkurat no skjer det ikkje noko, seier Valland.
Brannvesenet har vakthald på branntomta utover dagen, fortel Tore Fanebust i 110 Vest.
– Det skal vere kaldt på tomta, men ein veit jo aldri, seier han.
Det er to hus som har fått meste skader. Kor omfattande det er på dei andre bygga, er ukjent.
Fanebust seier sløkkjearbeidet var ekstra krevjande sidan bygga er verna og står tett i tett.
Dei fekk melding om brannen frå folk som såg svart røyk sive ut av butikken.
– Vi responderte deretter og fekk ut lokale folk. Vi såg at det var viktig å hente inn endå meir mannskap. I slike brannar er det viktig at vi er sterke nok i byrjinga, seier han.
Med storbrannen i 2014 friskt i minne, var også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på banen i går og tilbydde utstyr.
Fanebust seier eit skogbrannhelikopter blei frakta til Voss. Det stod klart i tilfelle brannen skulle spreie seg endå meir. Dette blei det ikkje bruk for.
Det var litt trekk i går, men ikkje særleg vind.
– Det skal vi vere veldig glade for. Då hadde vi hatt eit heilt anna scenario. Det er fire hus tett i tett, men også fleire andre hus like i nærleiken.
Fanebust rosar det lokale brannvesenet.
– Dei gjorde ein kjempejobb, så all honnør til dei. Vi er veldig glade for at det gjekk så bra som det gjorde.