«Hop on hop off»-buss i sjøen i Ålesund
Ein «Hop on hop off»-buss har hamna i sjøen i Ålesund.
Bussen har hamna i sjøen ved Nørvevika like før Ålesund sentrum, då bussjåføren skulle rydde bussen.
Ingen personar er involvert, melder politiet. Naudetatane er på staden.
– Vi har avhøyrt sjåføren, og vi opprettar sak, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.
Politiet har ikkje vore i kontakt med selskapet som eig bussen.
Det lek drivstoff frå bussen ut i vatnet. Brannvesenet jobbar med å få hindra spreiing av dette.
Bilbergar er på veg til staden. Politiet har ikkje informasjon om kor lang tid det vil ta å hente opp bussen frå vatnet.