Nytt utval skal bidra til likestilling og likeverd ved bruk av BPA
Regjeringa set ned eit utval om brukarstyrt personleg assistanse (BPA), som skal vurdere korleis BPA skal bli tilpassa for å bidra til likestilling, likeverd og deltaking i samfunnet.
Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringa.
– Vi vil legge til rette for størst mogleg inkludering og deltaking i samfunnet, og BPA-ordninga bidrar til det.
– Samtidig veit vi at regelverket blir praktisert ulikt frå kommune til kommune, og organisasjonane etterlyser større føreseielegheit knytt til ordninga. Dette skal vi gjere noko med, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).