World News

Tar Pakistan til retten for å fjerne «mens-skatt»

NRK.no 

Mensprodukt i Pakistan har opptil 40 prosent skatt. No tar Mahnoor Omer (25) Pakistan til retten i håp om å få fjerna landet sin «mens-skatt», melder Al Jazeera.

Omer hevdar at skattane gjer det vanskelegare for kvinner å få tak i nødvendige produkt og er diskriminerande.

Unicef og WaterAid kom i 2024 med ein rapport som anslår at berre 12 prosent av pakistanske jenter bruker kommersielt produserte menstruasjonsbind. Fleirtalet bruker klutar – ofte utan tilgang på reint vatn.

Omer håper at rettssaka kan vere eit vendepunkt for pakistanske kvinner, og kan bidra til sosial endring.

Читайте на сайте