Xi Jinping skal besøke Sør-Korea
Kina sin president Xi Jinping skal besøke Sør-Korea neste veke for å delta på eit APEC-møtet, opplyser det kinesiske statlege nyheitsbyrået Xinhua melder Reuters.
Etter planen skal presidenten møte Sør-Korea sin president Lee Jae-myung, opplyser Kina sitt utanriksdepartement melder Reuters.
APEC, Asia-Pacific Economic Cooperation, er eit samarbeid mellom 21 medlemsland i Stillehavsområdet. Målet er å styrke økonomisk vekst og samarbeid i regionen.
Også USA sin president Donald Trump skal besøke Sør-Korea neste veke. Der skal han truleg møte Nord-Korea sin leiar Kim Jong-un.