Rettssak i neste veke: Mann tiltalt for seksuelle overgrep mot over 30 born
Rettssaka mot mannen som er tiltalt for for seksuelle overgrep og valdtekt mot over 30 born, startar i Hordaland tingrett i neste veke.
Mannen brukte videochatte-tenesta Omegle der han skal ha hatt kontakt med borna. Hordalendingen skal mellom anna ha medverka til at born under 14 år hadde seksuell omgang. Ifølge tiltalen fekk han to born på åtte år til å ha seksuell omgang med kvarandre. Ifølge tiltalen blir valdtekta rekna som grov, og då særleg med tanke på alderen til borna.
Mannen skal ha utført seksuelle handlingar med seg sjølv medan han såg på borna i videochatten.
Han skal også ha prøvd å avtale å møte fleire av borna fysisk. Han skal då ha utgitt seg for å vere ein ungdom.