World News

Datatrøbbel på Haukeland løyst

NRK.no 

Nettverksproblem gjorde at Haukeland universitetssjukehus måtte gå over på naudrutinar måndag ettermiddag.

– Det var ei stor oppdatering frå Helse Vest IKT som har gått litt feil, men dei oppdaga det raskt og fekk retta det i løpet av ein liten time, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Eirik Vigander.

Det var Bergensavisen som melde om problema først.

– Me mista nettet og måtte over på såkalla papir-rutinar, som gjer at ting går litt saktare enn vanleg. Nokon pasientar har kanskje fått utsett behandling, men no er me i normal drift igjen, seier han.

Klokka 15.45 melder Vigander at problema er løyst.

Читайте на сайте