World News

Vil stoppe all migrasjon frå «den tredje verda»

NRK.no 

President Donald Trump seier at den amerikanske administrasjonen vil jobbe med å setje all migrasjon frå «den tredje verda» på pause.

Han truga òg med å reversere «millionar» av opphaldsløyve som blei innvilga under Biden-administrasjonen, og å «fjerne alle som ikkje er eit netto gode for USA».

Dette seier han etter at to nasjonalgardistar blei skotne, éin av dei også drepen, i Washington D.C. onsdag.

«Den tredje verda» er eit omgrep som blei brukt på 1900-talet. Det omtalar alle land som ikkje er ein del av Vesten, og heller ikkje den gamle Sovjetunionen.

Читайте на сайте