Farevarsel for flaum og høg vasstand
I ettermiddag er det fare for høg vasstand i kyst- og fjordstroka i Rogaland og dei sørlege delane av Vestland.
Vasstandstoppen er venta mellom kl. 15.30 og 16.30. Meteorologane oppmodar særleg om å vere varsam i strandsona.
Det er også sendt ut gult farevarsel for flaum i nordre og indre delar av fylket.
– Det er fare for overvatn langs vegar og i tettbygde område, lokale flaumar i bekker og mindre elvar, og jord- og flaumskred grunna snøsmelting og mykje regn, skriv NVE.