Kjend kino stengd av veggedyr
Den vidgjetne kinoen Cinémathèque Française i Paris held stengd ei tid framover, etter at gjester har blitt bitne av veggedyr, melder The Guardian.
Det var etter eit arrangement med Hollywood-stjerna Sigourney Weaver tidlegare i november at fleire gjester i salen fortalde om bit frå veggedyr. Til avisa Le Parisien seier ein gjest at det var veggedyr på sete og kleda til folk.
Kinoleiinga seier alle setene skal bli varmebehandla med damp, og at det skal vera trygt å møta opp i salen når tiltaka er ferdige.