MDG forlét forhandlingane om statsbudsjett
– Me er ute av desse forhandlingane. Avstanden er for stor, seier partileiar Arild Hermstad til NRK.
Han vil ikkje gå konkret inn på kva som dei er uenige med regjeringa om, men peikar på tema som klima, miljø og solidaritet.
TV 2 omtalte brotet fyrst.
– Det er ikkje nok på klima her, og det er for mange kamelar å svelgja, seier han.
I går tok både MDG og SV pause i forhandlingane, men begge parti var tilbake til forhandlingsbordet i føremiddag.
Det er uklårt kva som skjer vidare med forhandlingane no.