World News

Dansk radiokanal: Undersøker om dansk soldat har skote mot Widerøe-fly

NRK.no 

Den danske radiokanalen Radio IIII melder at norske myndigheiter har kontakta danske myndigheiter for å oppklare om danske soldatar ved ein feil kan ha skote mot eit norsk passasjerfly.

Hendinga skal ha skjedd over Borrislejren i Danmark, den 28. september 2025, og ifølgje radiokanalen er det Widerøe som har oppfordra norske myndigheiter til å ta opp saka.

Radiokanalen viser til korrespondanse dei har fått innsyn i.

Dei har tidlegare meld at ein soldat i leiren fyrte skot mot ein «ukendt drone», same dato som flyet flaug over leiren.

Det danske Forsvaret har til no avvist å uttale seg om hendinga, melder kanalen. Frå dansk side melder Trafikstyrelsen at dei ikkje kjenner noko til hendinga.

Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, bekreftar overfor NRK at dei har tatt kontakt med Luftfartstilynset om hendinga.

Widerøe blei først kjent med hendinga gjennom danske medium.

– Verken våre pilotar eller passasjerar observerte eller opplevde noko unormalt under flyginga frå Bergen til Billund den aktuelle dagen, seier ho til NRK.

Flytypen som vart nytta var eit Dash 8 Q400 turbopropfly med 78 seter.

Biletet er eit illustrasjonsfoto av same flytype som flaug over leiren då skota skal ha vore fyrt av.

Читайте на сайте