World News

Israel om ein palestinsk stat: – Det kjem ikkje til å skje

NRK.no 

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at det ikkje kjem til å bli oppretta ein palestinsk stat i Gaza, melder nyheitsbyrået AFP.

– Eg høyrer at eg skal ha opna for å opprette ein palestinsk stat i Gaza. Det har ikkje skjedd, og det kjem ikkje til å skje. Eg trur de alle veit at den som gong på gong har stoppa opprettinga av ein palestinsk stat, er meg, sa Netanyahu på ei pressekonferanse.

Han la til:

– Israel skal ha tryggleikskontroll frå Jordan-elva til havet, og det gjeld også Gazastripa.

Netanyahu seier at no som det siste gisselet er kome tilbake, vil Israel konsentrere seg om å avvæpne Hamas og demilitarisere Gaza.

Utsegna kjem medan det går føre seg samtalar om korleis Palestina skal bli styrt etter krigen på Gaza.

Читайте на сайте