World News

Demokratisk senator vil fjerne masker og innføre kroppskamera for immigrasjonsagentar

NRK.no 

Den demokratiske leiaren i det amerikanske senatet, Chuck Schumer, seier at føderale immigrasjonsagentar må slutte å bruke masker, ta i bruk kroppskamera og følge dei same reglane for maktbruk som lokalt politi.

Det melder Reuters.

Schumer seier også at agentane bør vere underlagde strengare reglar for ransaking, mellom anna krav om ransakingsordre.

Det kjem etter auka kritikk mot framferda til føderale immigrasjonsstyresmakter i fleire amerikanske byar, særleg i Minneapolis der hittil to menneska er drepne av agentar.

Читайте на сайте