World News

Iran kallar EU-vedtak for «stor strategisk feil»

NRK.no 

Irans utanriksminister Abbas Araghchi kallar EU sitt vedtak om å setje Irans Islamiske revolusjonsgarde (IRGC) på terrorlista ein «stor strategisk feil».

– Fleire land prøver no å hindre at det bryt ut full krig i regionen, medan Europa heller blæs på glørne, skriv han på X.

Araghchi viser også til at europeiske land i fjor bidrog til å utløysa nye FN-sanksjonar mot Iran.

Han meiner EU no tar endå eit steg som aukar spenninga, medan USA har flytta militære styrkar til Midtausten.

Torsdag ettermiddag svara EU-utanrikssjef Kaja Kallas, på spørsmål om meldingar om at USAs president Donald Trump vurderer målretta angrep mot Iran, at regionen ikkje treng ein ny krig.

Читайте на сайте