World News

Tobias Sten får Dialektprisen 2025

NRK.no 

Countryartisten Tobias Sten får Dialektprisen 2025 frå Norsk målungdom.22-åringen har dei siste åra blitt svært populær med fengande låtar på stordamål, står det i grunngjevinga.

– Det er kult at Noregs mest populære artist ikkje berre er ein ung fyr som brukar dialekta si i låtskrivinga, men også vel å aktivt stå opp for ho i media, seier leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik.

Sten seier det er ærefullt å få prisen og at dialekta har blitt ein stor del av varemerket hans.

– Eg er jo ein fyr som er utruleg stolt av dialekta mi. Ho er uniforma mi.

Читайте на сайте