World News

Brann i terrenget i Hareid

NRK.no 

Måndag morgon melde politiet om ein brann i terrenget ved Grimstadvatnet på Hareid på Sunnmøre. Brannvesenet og politiet rykte ut til staden.

I ei oppdatering 08.17 meldte brannvesenet at dei var i gang med å sløkke brannen.

Rundt 08.40 opplyser politiet at brannen er sløkt. Eit område skal ha brent. I tillegg til at eit uthus er totalskadd, ifølge politiet.

– Det er observert gnistar i forkant av brannen. Straumen har gått i område og det er ei høgspentleidning like ved, melder Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Det er så langt uklart kva som starta brannen, men både straumselskapet Linja og politiet skal gjere undersøkingar på staden.

På det meste var i underkant av 900 kundar utan straum som følge av utfallet på høgspentlinja. Klokka 08.55 er det 115 kundar som framleis er utan straum.

Читайте на сайте