World News

Harald Østberg Amundsen er tatt ut til OL-femmila: – Eg skal gje gass

På laurdag kan Johannes Høsflot Klæbo ta sitt sjette gull i OL i Italia. Då skal han skal gå den siste langrennsøvinga i meisterskapet: 50 kilometer, klassisk.

Torsdag kom uttaket med kven som får gå distansen:

Johannes Høsflot Klæbo, Martin Løwstrøm Nyenget, Emil Iversen og Harald Østberg Amundsen er tatt ut.

– Det blir andre enn meg som skal sette fart på dette løpet. Eg skal henge med så lenge som mogleg, seier Amundsen.

Amundsen var ikkje tatt ut til stafettlaget som tok OL-gull, heller ikkje lagsprinten der Einar Hedegart og Klæbo tok gull.

– Eg har hatt betre dagar. Eg jobba lenge mot dette meisterskapet. Det har svinga ganske mykje, fortel han.

Amundsen datt under 20-kilometer med skibyte og blei nummer fire på 10-kilometeren tidlegare i meisterskapet.

– Ein blir meir skuffa over seg sjølv. Og så heiar ein på resten av laget. Ein får skikkeleg trykk i trynet av og til. Det har vore litt tøft, men eg er motivert til å gje gass, avsluttar Amundsen.

Klæbo var ikkje til stades då utøvarane møtte pressa torsdag. Han tok gull på VM-femmila i Granåsen i 2025.

Så langt i meisterskapet har trønderen tatt fem av fem moglege gullmedaljar og kan få sin sjette på laurdag. Starten er sett til klokka 11.

Читайте на сайте