SV-leiaren vil ha statlege pengar til «Beredskapens hus» i Sør-Varanger
Sør-Varanger kommune skal finne ut om det er mogleg å samle fleire blålysetatar innanfor dei same veggane. SV-leiar Kirsti Bergstø meiner nærleiken til Russland gjer at staten må vere med på å betale gildet.