World News

Iran avviser å ha angripe sivile mål i Midtausten

NRK.no 

Irans utanriksminister Abbas Araghchi avviser at Iran har gått til angrep på sivile eller bustadområde i Midtausten, melder Reuters.

– Iran er villig til å opprette ein komité saman med nabolanda for å undersøke kven som står bak slike angrep, seier Araghchi i eit intervju med nettstaden Al Araby al-Jadeed, sitert på hans eigen Telegram-kanal.

Araghchi seier også at Iran er i kontakt med fleire naboland og at landet støttar initiativ som kan få slutt på krigen mellom USA, Israel og Iran.

Fleire land i Golfen har bedt Iran stanse angrep på territoriet deira.

Dei siste dagane er det meldt om drone- og rakettangrep mot mål i land som Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar. Dei iranske angrepa har ramma både amerikanske militærbasar, energianlegg og bustadområde.

Irans revolusjonsgarde trua laurdag amerikanske interesser i Dei sameinte arabiske emirata, etter at USA gjekk til angrep mot den iranske oljeøya Kharg.

Читайте на сайте