Iran åtvarar Israel om at angrep i Libanon vil få konsekvensar
Talsperson for det iranske utanriksdepartementet Nasser Kanaani åtvarar Israel mot «nye eventyr» i Libanon. – Ei ignorant handling frå Israel kan føra til at omfanget av ustabilitet, usikkerheit og krig i regionen blir større, la han til. Israelske styresmakter har skulda Iran-støtta Hizbollah for rakettangrepet som drap både barn og tenåringar på Golanhøgdene søndag. Israel seier landet står overfor ein fullskala krig. Hizbollah har på si side nekta for å stå bak rakettangrepet i Majdal Sham på dei israelokkuperte Golanhøgdene. Читать дальше...