Hærsjefen i Sudan deltar ikkje i fredssamtalane
Hærsjefen i Sudan seier dei ikkje vil delta på fredssamtalane i Genève neste veke. Femten månader med krig mellom hæren og RSF-militsen i landet har ført til flyktningkrise og store øydeleggingar i landet. USA har invitert partane til forhandlingane i Genève, men no seier hærsjefen i landet at dei ikkje vil forhandle med RSF-militsen, men heller vil «kjempe i 100 år» ifølgje nyheitsbyrået AFP.