Inntektshopp for Temu-eigarar
Det kinesiske selskapet PDD Holdings, som står bak Temu, fekk ein kraftig inntektsauke i andre kvartal. Netthandeltenesta har vakse stort i år. Resultata for andre kvartal i år viser at moderselskapet hadde inntekter på 4,4 milliardar dollar. Summen, som svarar til drygt 46 milliardar kroner, er ein auke på 144 prosent samanlikna med same periode i fjor. (NTB)