World News in Norwegian

Bortvist etter håndgemeng med pro-palestinske demonstrantar

NRK.no 

Ein utanlandsk statsborgar frå eit europeisk land vart bortvist frå Eidsvoll plass utanfor Stortinget tysdag, opplyser operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Vidar Pedersen til NRK.

Personen skal ha vore i håndgemeng med det politiet omtaler som meiningsmotstandarar frå eit telt som pro-palestinske demonstrantar har sett opp utanfor Stortinget.

– Det vart oppretta sak frå politiet si side på ordensforstyrring og skadeverk. Det har vore håndgemeng, vi har sett ein video der det ikkje kjem fram slag frå nokon av partane, seier Pedersen til NRK.

For politiet framstår det som om personen som no er bortvist oppsøkte teltet noko tilfeldig eller utan formål om å lage bråk, fortel Pedersen.

– Vi skjønner at denne konflikten skaper engasjement, så vi er budde på at det skjer ting, men det som det enda med var at den parten som oppsøkte teltet vart bortvist frå staden i 72 timar, seier operasjonsleiaren.

Sidan det er oppretta sak på skadeverk og ordensforstyrring blir det opp til ein jurist på politihuset å vurdere om personen blir bøtelagt for hendinga.

– Det er ikkje utenkeleg at vedkommande får ei bot, seier operasjonsleiaren.

Читайте на 123ru.net