World News in Norwegian

15 sauer døydde - no må bonden i fengsel

NRK.no 

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 90 dagar for brot på dyrevelferdslova. Han mistar også retten til å eige eller ha omsorg for dyr.

Det var i fjor at Mattilsynet og politiet oppdaga ni daude sauer på garden til mannen og sambuaren hans. Dyra hadde då fått for dårleg stell frå januar- mars 2023.

Resten av flokken på elleve dyr blei avliva fordi dei var i dårleg hald. Totalt døydde 26 dyr.

"Dyrehaldet fekk katastrofale følger for dei dyra som blei råka", skriv Sogn og Fjordane tingrettt i dommen. Dei slår fast at mannen ikkje hadde den nødvendige kunnskapen for å ta hand om dyra. Medan han må i fengsel, går sambuaren hans fri. Årsaka er at mannen hadde den daglege omsorga for dyra og var tettast på dei. Men retten skriv at kvinna også burde hatt betre kunnskap om dyra. Sjølv om sambuaren slepp fengsel, må ho derimot betale 10.000 kroner som inndraging til staten. Årsaka er pengane ho har spart på å ikkje kjøpe nok fôr til dyra.

Ingen av dei to tiltalte vedgjekk straffskuld.

Читайте на 123ru.net