Har gjort funn av person i Ålesund
Politiet har ved hjelp av brannvesenet gjort funn av ein person i Ålesund sentrum. Det blir jobba med å frigjere personen, melder politiet.
Personen som er funnen har falle og ligg vanskeleg til. Skadegrad er uvisst, men personen er vaken og tilsnakkande. Personen er ikkje identifisert, opplyser politiet.
Ein mann i 20-åra har vore sakna i området sidan natt til søndag. Det er så langt uklart om det er denne personen som no er funnen. Pårørande er varsla om funnet.