World News in Norwegian

Trua mindreårig matbod med softgun i Trondheim

NRK.no 

Då eit mindreårig bod skulle levere mat på døra til ein mann i 30-åra skal han ha blitt trua med sofgun.

– Guten skulle levere mat og blei møtt med det han oppfatta at var eit skytevåpen.

Det seier operasjonsleiar Svein Erik Wagnild.

Det var Adresseavisen som omtala hendinga først.

– Ut frå meldinga valde me å væpne oss. Det er ikkje noko me ønsker, seier Wagnild til avisa.

Mannen blir tatt med til arresten og blir avhøyrd av politiet.

– Han skjønte at han hadde gjort noko dumt og la seg flat, seier Wagnild.

Читайте на 123ru.net