World News in Norwegian

Fleire skadde då hengar velta i Tyskland

NRK.no 

30 personar er skadde, 10 av dei alvorleg, i eit trafikkuhell nær Freiburg i den tyske delstaten Baden-Württemberg onsdag, ifølge lokale medium, melder NTB.

Det skal dreie seg om ei 1. mai-feiring der mange menneske stod på ein tilhengar som blei slept av ein traktor, som har velta.

Ifølge det lokale politiet blei det også sendt redningshelikopter frå Sveits for å frakte dei skadde til sjukehus.

Читайте на 123ru.net