Fire sikta for slaveri i Portugal
Politiet i Portugal har gripe fire personar mistenkte for å halde ein mann fanga under slaveliknande kår i 17 år, melder Reuters.
Offeret skal ha blitt utsett for fysiske og psykiske overgrep, og skal ha blitt leigd ut til andre personar for å utføre arbeid utan å få betalt.
Politiet har ikkje sagt noko om kva nasjonalitet offeret har.
Dei fire gripne er i alderen 37 til 44 år, og er sikta for slaveri, menneskehandel og forfalsking.