World News in Norwegian

Brann-spelar til tysk storklubb

Brann-spelar til tysk storklubb

Justine Kielland har signert for Bundesliga-klubben Wolfsburg. Det skriv Brann på sine heimesider.

– Tusen takk for eit heilt fantastisk år! Tida mi i Brann er diverre over for denne gong, men eg har kosa meg kvar dag i Bergen og blitt veldig glad i både klubben, byen og menneska.

Ho held fram:

– No er det Tyskland som ventar for min del. Det var eit vanskeleg val å forlate Brann, men dette var ein moglegheit eg hadde lyst til å ta og kjentes riktig for meg no, seier Kielland.

Midtbanespelaren, som tidlegare i år debuterte på det norske landslaget, har skåra fem mål på 38 kampar, sidan overgangen frå Stabæk fjor haust.

Kielland føyer seg med det inn i rekka av norske kvinner som har spela i den tyske storklubben. Melissa Wiik, Caroline Graham Hansen og Karina Sævik har alle fortid i klubben.

Читайте на 123ru.net