World News in Norwegian

Mann fall i eit juv

NRK.no 

Ein person har falle ned i eit juv i Vatnedalen i Haram. Naudetatar, frivillege ressursar, og redningshelikopter er på staden ved elveleiet der personen ligg. Vedkomande skal vere bevisst. Det skal vere snakk om ein ung mann som var på tur i eit følge. Naudetatane på staden er i kontakt med mannen. Bjrarte Mong ved Hovudredningssentralen seier til NRK at dei nettopp har kome fram. Dei veit ikkje kor lang tid det vil ta å hente ut mannen. –Vi må sjå på forholda og korleis pasienten ligg.

Читайте на 123ru.net