World News in Norwegian

Reiseradioen på pause grunna brannalarm

NRK.no 
Reiseradioen på pause grunna brannalarm

Brannalarmen gjekk på radiohuset til NRK på Marienlyst fredag føremiddag. Heile huset vart evakuert, blant dei er programleiarane av Reiseradioen på P1.

– Brannalarmen går her hos NRK, det blinker raudt, sa programleiar Anne Lindmo under sendinga. Ho måtte ta med seg medprogramleiar Halvor Haugen og gjest Jo Nesbø ut.

Utanfor bygget gjekk sprinkelanlegget. Like før klokka 11 fekk medarbeidarar på NRK melding om at dei kunne returnera til huset.

– For eit drama, seier Lindmo då dei var tilbake på lufta etter ein vel 15 minuttes musikkpause.

Читайте на 123ru.net