World News in Norwegian

Startar etterforsking etter brann i skulebygg

NRK.no 
Startar etterforsking etter brann i skulebygg

Brannen i ungdomsskulen på Geilo er så godt som slukka. Det seier Britt Fyksen, politistasjonssjef i Hallingdal politidistrikt. Dei har evakuert eit nærliggande hus på grunn av røyk.

– Politiet startar no etterforsking, og me ar bedt om kriminaltekniske undersøkingar, seier Fyksen.

I tillegg vil dei sikra bevis i form av bilete og overvakingskamera frå området rundt. Dei vil også ta kontakt med moglege vitne.

– Har de noko teori om kva som kan vera årsaka til brannen?

– Ein teori er at det er påsatt. Ein annan er at det har skjedd på grunn av teknisk feil. Ein tredje er at nokon har vore uaktsame, seier Fyksen.

Stasjonssjefen seier bygget er godt skadd. Ordførar i kommunen seier dei allereie har starta arbeidet med å få på plass eit alternativ for dei vel 150 elevane som skal starta i 8.-10.-klasse i august.

Читайте на 123ru.net