Trafikkulykke i Våler: To personar hardt skadd
To personar er hardt skadd etter ei utforkøyring på Gravbergsvegen i Våler kommune i Innlandet søndag ettermiddag. Dei to blir køyrd til sjukehuset på Hamar for behandling.
Naudetatane fekk melding om ulykka klokka 15.47 søndag.
Det var i alt fire personar involvert i ulykka. Ein av dei vart sendt til sjukehuset i Kongsvinger med moderate skader, medan den fjerde vart sendt til legevakt for sjekk.